Hotel Mundal

”There is no prospect in the World so fine that it is not improved by a good hotel in the foreground.”
Frå Hotel Mundal si gjestebok, 23. august 1892.

Historiske Hotel Mundal

Hotell Mundal har 34 soverom av ulik karakter og prisklasse. Forutan biblioteket er det ei rad komfortable opphaldsrom. Djupe skinnstolar plassert framfor flammar frå peisen, store vevde tepper på veggane, musikksalong med flygel, bar, biljardrom og møterom – alt originalt.



Den store og lyse spisesalen fører gjestene attende til 1800-talet. Maten er laga etter gamle tradisjonsrike oppskrifter. Hotel Mundal er noko for seg sjølv, og er nemnt i Lonely Planet, Travel & Leisure og National Geographic Traveler som eit hotell vel verdt eit opphald. Du er velkomen til å prøve!

Hotel Mundal er ope frå 20 april til 30 oktober og kan huse 70 gjester, 24 i dobbeltrom og 10 i enkeltrom. På Hotel Mundal er ikkje to rom like – alle rom har sin eigen karakter, og sjølvsagt eige bad.