Den velkjende norske arkitekten Peter A. Blix vart henta inn til å teikne bygget som opna i 1891. Peter Blix var arkitekt for ei rekkje norske jernbanestasjonar og kjend for sitt engasjement for å ta vare på og berike den norske kulturarven.
Hotel Mundal er rekna for å vere eit godt eksempel på den moteriktige arkitekturen frå siste halvdel av 1800-talet – ein kombinasjon av moderne design og det tradisjonelle utrykket frå stavkyrkjene. Tårnet, som var plassert i sentrum av utsikten frå kaien, var særskilt godt likt av familien. På slutten av 1800-talet vart Hotel Mundal sett på som ein svært stor bygning. Mange hotell opna langs fjorden på denne tida, men oftast i mindre bygningar, som seinare vart utvida i takt med aukande besøk. Hotel Mundal var eit kostbart føretak, og ei rekkje gardar i bygda deltok i prosjektet ved å låne ut pengar til bygginga. Prosjektet var truleg vellukka, for alle låna var nedbetalte i 1907. Hotellbygget er lafta på same måte som eit tradisjonelt tømmerhus. Då den lafta konstruksjonen var ferdig vart den utvendige kledninga og utskjeringane utført i sveitsarstil, som var poulært på den tida. I byrjinga var hotellet målt gult, med mørkebrune sprosser og lister. I dag ser hotellet for det meste ut slik det gjorde for hundre år sidan, men den mørkebrune dekoren har blitt erstatta av kvitt. |
|