Interiøret


billiebenMykje av hotellinteriøret er bevart, slik som det var i 1891. Takdekorasjonane i biljardrommet/biblioteket og musikkrommet er originale, og møblane vart kjøpt i 1891, men noko har blitt importert nytt frå Thonet i Wien og noko kjøpt på auksjonar.

Spisesalen har blitt restaurert fleire gonger, men har likeval fått halde på si originale form. Ved siste oppusing, i 1987, vart veggmåleria frå 1905 kopierte og måla opp att. Peisestova er frå 1920, då nokre av romma i første etasjen vart konvertert til stove. Stova er dekorert med lokalt kunsthandverk, og dei djupe lærstolane vart laga av lokale handverkarar på den tida. Peisdekorasjonen og veggmåleria vart måla av kunstnaren Eiler Prytz som var gjest på hotellet mange somrar i første halvdel av 1900-talet.


Hovudattraksjonen i interiøret er dei mange handvevde golvteppa, åkleda, putetrekka og løparane. Alle desse er vevde her i hotellet til ulike tider gjennom historien. Teppet i trappa frå hovudsalen har framleis i seg eit stykke frå 1910.

Lokalt handverk har vore viktig i Fjærland sidan lenge før dei første utanlandske turistane kom, og tradisjonar innan kunsthandverk og matlaging er stadig levande her. Då hotellet var nytt var det veving som var hovudaktiviteten om vinteren, og den var eit viktig tilskot til økonomien som heilskap.

kafemundalo

mundalstol borden