Våre gjester

bre - brefrontDei første gjestene til fjorden og Hotel Mundal var oppdagarar og kunstnarar som søkte etter urørt og praktfult landskap i siste delen av 1800-talet. Dei store kunstmålarane på den tida – både norske og utanlandske – romantiserte landskapet og bidrog i stor grad til å skape «fjorddraumen». Fjellklatrarar som William C. Slingsby fann det utfordrande å vere den første til å klatre opp på dei høgste toppane og krysse breane. Jostedalsbreen er er den største  breen og Jotunheimen har dei høgste fjella i Noreg, og begge deler er lett tilgjengeleg frå Fjærland – både idag og for hundre år sidan. 

Keisar Wilhelm II heldt dette området som sin favorittdestinasjon, og adel frå heile verda følgde i fotefara hans. Førebuingane og aktiviteten som følgde når kongelege var på besøk var enorm, og forteljingane om kongebesøka har gått i arv gjennom generasjonane på Hotel Mundal. Berre eitt besøk i seinare år har generert like stor omvelting, og det var då den amerikanske visepresidenten, Walter Mondale, vitja hotellet i 1979. Uoffisielle besøk frå Walter Mondale med famile og andre godt kjende menneske skjer kvar sommar utan den store merksemda.

Før første verdskrigen var turisme ein aktivitet for dei få og privilgerte, og dei budde gjerne på hotellet i to eller tre veker før dei reiste vidare. Etter krigen vart turisme  tilgjengeleg for eit breiare folkelag, og i båtrutene vart det rom for å gjere daglege stopp på små plassar som Fjærland. Såleis vart det muleg å reise raskare frå plass til plass  langs fjorden. Dei første turoperatørane, Bennet og Cooks byrja å organisera turar for mindre grupper, og på Hotel Mundal auka særleg taleg på turistar frå Storbritannia.

Hotellet har vore stengt berre i ein periode sidan opninga; under 2. verdskrigen, frå 1940 til 1945. Etter krigen var framleis dei britiske gjestene i overtal, men ein generell auke i talet på reisande tilførte også fleire gjester frå andre deler av verda.

I dag er Fjærland lett tilgjengeleg, med båt eller bil, og fleire hundre tusen reiser gjennom Fjærland kvar sommar. Ein liten del av desse finn vegen til Mundal, 3 kilometer frå hovudvegen. Og framleis held Mundal på den spesielle atmosfæren der individuelle reisande møtest og slappar av..