|
Hotel Mundal vart etablert av Olaus Dahle, kona hans Brita og dei tre brørne hennar, Johannes, Mikkel og Per Mundal. Brita og brørne vaks opp på garden rett bak hotellet. Då Brita gifta seg med læraren Olaus som var frå Romsdal, flytta dei først til Lærdal, men dei kom likevel til Fjærland for å bu med broren Mikkel i sommarferiane.
Mikkel var den første profesjonelle tindevegledaren og breføraren i Fjærland, og i slutten av 1880-åra var heimen hans i Fjærland konstant i bruk som overnattingsstad for fjellklatrarar om somrane. Mikkel var ungkar, så Brita hadde ansvaret for matlaging og hushaldet. Etter kvart som turisttrafikken auka avgjorde Olaus, Brita og Mikkel at dei skulle byggja eit hotell ved sida av huset til Mikkel. Planen fekk også interesse frå brørne til Brita, Johannes - som dreiv familiegarden - og Per - som akkurat hadde komme heim frå ei amerikareise.
I 1907 ville Johannes investere i garden sin, og Olaus overtok difor hans del av hotellet. På same tid reiste Per tibake til Amerika. Olaus, Brita og Mikkel dreiv hotellet vidare til dei døydde i 1930-åra. Av Olaus og Brita sine seks born var det berre den yngste, Borghild, som vart gift og fekk born. Borghild gifta seg med Odd Orheim i 1939 og flytta til Bergen der dei båe arbeidde som lærarar fram til dei vart pensjonerte tidleg i 1970-åra. Borghild og Odd har tre born, Olav, Marit og Alv. Dei er alle gifte og bur dels i Fjærland og dels i Oslo og Stavanger.
|
|