Fjærland og omegn

I dag er Fjærland lett tilgjengeleg både med båt og bil, og hundretusenvis av reisande besøker Fjærland kvar sommar. Nokre finn vegen til Mundal, tre kilometer frå hovudvegen. Til Hotel Mundal kjem turistar for å nyte den særeigne atmosfæren og slappe av.

 

Naturreservatet Bøyaøyri og ein del av Jostedalsbreen nasjonalpark er lett tilgjengelig frå hotellet. Norsk Bremuseum, designa av den anerkjente norske arkitekten Sverre Fehn, ligg også i Fjærland. Fjærland er også Noreg sin bokby, der 12 bokhandlarar sel brukte bøker i gamle naust og fjøs. Fjærland ligg i Sogn og Fjordane og er perfekt som utgangspunkt for dagsturar andre stader i fylket, inkludert ein time-lang reise til tre stavkyrkjer. Astruptunet museum, heimen til biletekunstnar Nikolai Astrup, ligg berre ein 50-minutters køyretur frå hotellet.
 
Om Fjærland
Fjærland er området som ligg langs den 30 kilometer lange Fjærlandfjorden. De fleste innbyggarane i Fjærland bur i dalane i enden av fjorden - Horpedal, Supphelle, Bøyadalen, Mundal, Distad og Jordal. Mundal er sentrumet, med skule, kyrkje, ferjekai, butikkar og Hotel Mundal.

 

Landbruk er bygda si viktigaste inntektskjelde. Den geografiske plasseringa er ideell for landbruk, med mjølk og kjøtt som hovudprodukt. Kvar gard eig i gjennomsnitt 30 dekar dyrka mark, noko som er ganske stort samanlikna med resten av Vestlandet. Dyrka mark dekker om lag 1.000 dekar. Dei større områda i Fjærland består av fjord, brear og fjell.

 

Om lag 300 personar bur i Fjærland heile året. Talet på innbyggarar gjekk ned frå midten av 50-talet, men då vegen vart bygd i 1986  auka befolkningstalet att. Vegen kopla bygda til andre delar av regionen via Fjærlandtunnelen og mot Skei. I 1994 vart vegen bygd ut sørover mot Sogndal, og riksveg 5 mot Fjærland er i dag den viktigaste vegen mellom vestkysten og den austlege delen av landet.

 

Fjærland har ei lang historie innan turisme grunna dei spektakulære breane Bøya og Supphelle og naturen generelt. Bygda har i meir enn 100 år vore eit senter for fjell- og breaktivitetar. Besøkande kan velje mellom variert alternativ, inkludert breturar og turar med guide.

 

Meir enn 30 gamle beitegardar er funne i området. Stiar fører opp til beitemarkene, som for det meste ligg mellom 500 og 2000 meter over havet.

 

Kart får du kjøpt hjå Hotel Mundal og bremuseet. Om du ynskjer å gå enkle turar utan guide, finn du detaljerte kart.

 

Norsk Bremuseum
Norsk Bremuseum opna i mai 1991. Det er eit interaktivt museum, der besøkande kan lære mykje om isbrear, inkludert korleis dei blir til, korleis dei formar eit landskap og kvifor isbrear er menneska sitt viktigaste «arkiv» over klimaendringar. Bygningen vart teikna av den kjente, norske arkitekten Sverre Fehn.

 

Den norske bokbyen
Fjærland vart erklært bokbyen i Norge i 1996. Det er rundt 12 butikkar som sel brukte bøker i Mundal. Desse bokhandlarane er unike, av di at dei er plassert i gamle låvar, naust og andre gamle bygningar. Den norske bokbyen er ein del av den internasjonale bokbybevegelsen.