HISTORISKE HOTEL MUNDAL

Om oss:
 
Det pittoreske Hotel Mundal ligg ved Fjærlandsfjordområdet. Breguide Mikkel Mundal og systera Brita opna «Mundals Gjestgiveri». I 1891 bygde dei, i lag med syskena Per og Johannes, Hotel Mundal.

 

Arkitekt Peter A. Blix teikna ein særeigen bygning med spisse gavlar og rommelege verandaer. Det runde tårnet er unikt og huset er eit av dei best bevarte trehotella frå slutten av 1800-talet.

 

Hotel Mundal har vore eit familiedrive hotell i lang tid. Her finn du sterke tradisjonar i kombinasjon med moderne komfort, ein roleg og hyggeleg atmosfære og det fantastiske landskapet i Fjærland tett på.

 

De besøkende:

 

Den korte vegen frå fjorden og opp til isbreane har lokka kunstnarar, turgåarar og turister sidan slutten av 1800-talet. Dei fyrste besøkande leitte etter urørt og storslått landskap. Datidas største målarar, norske og utanlandske, romantiserte landskapet og bidrog til å skape «draumen om fjorden»."

 

Fjellklatrarar som William C. Slingsby ynskja å vere fyrst ut til å nå fjelltoppane og krysse breane. Jostedalsbreen er den lengste breen og fjellmassivet i Jotunheimen det høgste i Noreg, begge ligg lett tilgjengeleg frå Fjærland, også for meir enn 100 år sidan.

 

Området var ein av favorittane til Keisaren Kaiser Wilhelm II og adelege frå heile verda følgde i fotspora. Det vart lagt ned enorme mengder arbeid før og under besøk av kongelege, og historier om besøka har vorte fortalt gjennom generasjonar i Mundal.

 

Berre eitt besøk har skapt ei liknande spenning i løpet av dei siste tiåra – då Walter F. Mondale, visepresident i USA, kom på besøk i 1979.
 
 
Ytterlegare private besøk frå Walter Mondale med familie og frå andre kjente, offentlige personar finn stad kvar sommar, utan mykje styr.

 

Før den fyrste verdskrigen var reising ein aktivitet for dei få og gjestane ville gjerne bu på hotellet i to-tre veker før dei drog vidare. I tida etter krigen vart det å reise ein moglegheit for eit større publikum og dagleg stoppa båtar på små stadar som Fjærland. Dermed vart det mogleg å bevege seg raskare frå ein stad til en annan langsmed fjordane. Dei fyrste turoperatørane, Bennett og Cooks, byrja å organisere turar for mindre grupper, og talet på britiske hotellgjester økte betrakteleg.

 

Hotellet har berre vore stengt ein gong sidan opninga og det var under den andre verdskrigen (1940-45). I åra etter krigen auka talet på besøkande frå andre deler av verda, sjølv om britane enno utgjorde majoriteten.

 

Familien:

 

Hotellet vart starta av Olaus Dahle, kona Brita og hennar tre brør, Johannes, Mikkel og Per Mundal. Brita og brørne vaks opp på garden rett bak hotellet. Då Brita gifta seg med Olaus, ein lærar ifrå Romsdal, flytta dei til Lærdal. I sommarferiane kom dei til Fjærland og budde hjå Mikkel.

 

I 1907 ønskte Johannes å investere i garden sin og Olaus tok over hans del av hotellet. Samstundes reiste Per attende til Amerika. Olaus, Brita og Mikkel drifta hotellet og heldt fram til dei døydde i 1930-åra.

 

Olaus og Brita fekk seks born, men berre yngstedottera Borghild gifta seg og fekk born. Borghild gifta seg med Odd Orheim i 1939 og paret flytta til Bergen, der dei begge arbeidde som lærarar fram til fyrste del 70-talet. Paret dekk tre born; Olav, Marit og Alv. Dei er alle gift og bur til dels i Fjærland og til dels i Oslo og Stavanger.

 

I dag er hotellet eigd av Ola Moe og han tar sikte på å vidareføre tradisjonane ved Hotel Mundal til nye generasjonar.