Overnatting

Hotel Mundal har 35 rom i ulike storleikar og prisklassar, og kan huse opptil 65 gjestar. Ingen rom er like og alle har eiget bad. På hotellet finn du fleire komfortable stuer, bibliotek, pianorom med flygel, biljardrom og Kafé Mikkel med bar - alle med originale detaljar og møbel.


Romma er delt inn i to kategoriar: Superior Rom og Standard Rom.

Superior Rom
Komfortable rom med utsikt over fjorden. Romma har fasilitetar som privat bad, dobbeltrom, tomannsrom eller enkeltsenger, stort handklesett, handkletørkar og toalettsaker.

Standard Rom
Enklare standard, nokre av romma har utsikt over fjella. Fasilitetar er eiget bad, dobbel- eller enkeltseng, stort handklesett og toalettsaker.

Superior Suite - Tårnrommet
Suiten ligg i tårnet. Rommet har eigen balkong med utsikt over både fjord og bre, stor dobbeltseng, bad og sittegruppe.

Familierom
Vi har to familierom,  med plass til maks fire personar per rom. Romma har to separate enkeltsenger, eiget bad, sittegruppe, stort handklesett og toalettsaker.