Aktivitetar

Fjærland ligg ypparleg til, med lett tilgang til breen og gode turmoglegheiter i storslått natur i nærleiken.

 

Mange tek turen hit hovudsakleg for å nyte roa og atmosfæren, men området er også rikt på aktivitetar. Her finn du Den norske bokbyen, Norsk Bremuseum og Bøyum fuglereservat. I området finn du også fleire merka turar, isbrear, Flatbrehytta, Fjærland Kayak & Glacier og Fjærland kultur- og aktivitetsprogram.
 
Framkomst - 50 meter frå brygga og 2,9 km. frå busstoppet finn du Hotel Mundal, midt i Fjærland sentrum. Sjekk inn på hotellet før du får deg litt lunsj i Kafé Mikkel, der vi serverer heimebakte kaker, bagettar, dagens suppe og drikke kvar dag i sesongen.

 

Alternativ 1 - Ut i naturen – Smør ei god niste og delta på ein av turane omtalt i turheftet, til dømes Flatbrehytta, med fantastisk utsikt ut over breen og Fjærlandsfjorden. Eit anna alternativ er ein guida tur på breen eller på fjorden som du reserverer på førehand. Avslutt gjerne dagen med ein kort spasertur langs kysten til fugletittartårnet på Bøyum.

 

Alternativ 2 - Natur og landskap utan bil - Ta brebussen frå kaia kl. 09:45, den tek deg til Norsk Bremuseum og deretter til dei to brearmane; Supphellebreen og Bøyabreen. Deretter kan du til dømes ete kake på Kafé Mikkel før du går ein kort spasertur til Heimastølen, der du kan sjå godt bevarte, gamle gardsbygningar.

 

Alternativ 3 - Natur og landskap med bil - Stopp ved Norsk Bremuseum før du fortset nordover langs riksveg 5. Ta til høgre ved skiltet til Supphellebreen for å sjå brearmen. Køyr attende til riksvegen og ta til høgre rett før tunnelen for å sjå Bøyabreen. Om du vil, kan du stikke innom for ein kopp kaffi og ein visitt hjå suvenirbutikken Brevasshytta før du returnerer og fortset gjennom tunnelen mot Skei. Om du køyrer ein halvtime i retning Jølster, finn du Astruptunet, eit museum som gir eit innblikk i dagleglivet på starten av 1900-talet og i målaren Nikolai Astrup sitt liv og virke.
 
Interessepunkt:
*Norsk Bremuseum
*Den norske Bokbyen
*Bøyum fuglereservat
*Jostedalsbreen Nasjonalpark
*Flatbrehytta
*Supphellebreen
 
 
Dagsturar frå Fjærland:
*Astruptunet museum - Tidligare heim og atelier for målaren Nicolai Astrup. (50 minutt med bil frå Fjærland.)
*Anestølen - Besøk eit tradisjonelt geitefjøs (20 minutt med bil frå Fjærland.)
*Balestrand (1 time og 40 minutt med båt.)
*Urnes stavkyrkje – Ein av dei eldste stavkyrkjene, på UNESCO si verdsarvliste. (1 time og 30 minutt med bil og båt.)
*Lustrabadet svømmebasseng med velværeområde. (1 time og 10 minutt med bil.)
 
 
Nyttige lenker:
Bokbyen i Fjærland:: http://bokbyen.no/en/start-page/
Reiselivet i Fjærland: https://www.fjaerland.org/
Visit Sognefjord: http://en.sognefjord.no