Restaurant og Kafe Mikkel

Restaurant
 
Den store, lyse spisesalen tek gjestane attende til 1800-talet. Restauranten vår serverar à la carte og du kan velje mellom norske og internasjonale rettar. Kokkane vår har som mål å gje kvar rett vi serverar ein lokal vri. Her finn du lokale spesialitetar av fisk og skalldyr frå både salt- og ferskvatn, lam og vilt. Lokale epler og ulike bærsorter blir óg nytta, særleg rips og bringebær.

 

Opningstider:
Frukost: 07:30 til 10:00
Middag: 18:00 til 20:00

 

Gje oss gjerne beskjed på førehand om du ynskjer vegetarmat, har matallergiar eller liknande, slik at vi kan syte for å bestille inn dei ingrediensane vi treng.

Kafe Mikkel
 
På Kafe Mikkel får du servert heimelaga kaker, baguettar, dagens suppe og noko å drikke til. Nyt ein kaffespesialitet eller eit godt glas med vin, anten inne i kafeen eller ute i hagen.

 

Opningstider:
Dagleg: 11:00 til 22:00